onsdag 12. mai 2010

Jamstellingsvedtaket - 125 år


Det var ikkje noka småskore forsamling som vedtok jamstellingsforslaget, skriv leiar for Mediemållaget og Dei nynorske mediedagane, Berit Rekve, i Aftenposten i sin kronikk i samband med at det, den 12. mai i år, er 125 år sia Stortinget gjorde jamstellingsvedtaket som sidestilte landsmålet med "det almindelige Skrift- og Bogsprog", berre 12 år etter at Ivar Aasen gav ut Norsk Ordbog. Det "nye" norske skriftspråket var ikkje tatt i bruk av mange, skriv Berit Rekve, Noreg var heller ikkje noko rikt land, "likevel gjorde Stortinget med stort fleirtal det demokratiske prinsipvedtaket om å gjera den norske språkarven, slik han hadde nedfelt seg i målføra, til offisielt skriftspråk i landet".

I norskklassa for VG2 arbeider vi no med nasjonsbygging og identitetskjensle, det er heller ikkje noka småskore forsamling, ein gjeng livate ungdommar i vidaregåande som traust testar ut bruk av Facebook i norsktimane. Har skrive om det, mellom anna i det førre innlegget mitt her på bloggen. Vi har ikkje vore inne på jamstellingsvedtaket i språkhistoria enno, da kompetansemåla i læreplanen set streken ved 1870.

Med Berit Rekves kronikk fekk vi eit framifrå høve til å ta opp språkdebatten nett no, fordi ho i kronikken trekkjer opp historia rundt jamstellingsvedtaket og striden vi har i dag, som følgje av vedtaket. Fyrst las vi heile kronikken høgt i samla klasse, deretter fekk elevane beskjed om å kommentere i kommentarfeltet på Facebook, direkte under lenkja til kronikken. Dette tvinga elevane til å reflektere over kva dei har lese, kva som stod i kronikken, og kva det vart fokusert på. Facebook opnar for dialog, der ein kan både kommentere og gi direkte attendemeldingar til kvarandre.

Eg la ut lenkja på Facebooksida i norsk, slik at elevane kunne kommentere direkte på innhaldet i kronikken der. Dermed fekk dei høve til å vere med og debattere ei aktuell sak med bakgrunn i språkhistoria. Slik sett blir datida gjort aktuell i notida gjennom Facebook, der elevane får kunnskapar om språkstriden på slutten av 1800-talet via dagsaktuell tekst publisert i Aftenposten. Ved at elevane kommenterer den aktuelle saka og uttrykkjer usemje i vedtaket om to skriftspråk, er dei med på å halde liv i språkdebatten og vise at han framleis er aktuell. Elevane blir her eit døme på det dei les om. Særs aktuelt når Berit Rekve sjølv kjem inn på Facbooksida og gir attendemelding på meiningsutvekslingane til elevane. Dette viser at bruk av aviser og dei sosiale media i undervisninga gjer det mogleg å henge med i den aktuelle nyhendeformidlinga.

Når elevane må setje seg inn i ukjent stoff for å kommentere, blir dei pressa til å ta stilling til innhaldet i teksten. Dette gir djupare refleksjon med innlæring av nytt stoff gjennom eige arbeid og tankeverksemd. Difor skulle elevane no ha skaffa seg solid grunnlag for å lære meir om bakgrunnen for at vi i dag har to skriftspråk i Noreg. Med håp om at dei kan sjå bruken av nynorsk i eit historisk perspektiv, som del av vår nasjonale kulturarv, der språkstriden følgjer den nasjonale historia. Det er ikkje noka småskore forsamling elevar som kommenterer fagleg og reflekterer over si eiga historie på Facebook.

Ingen kommentarer: