fredag 10. september 2010

Mjølkerampa og rampetwitter

Eg voks opp på bygda med mjølkerampa tett inntil huset vårt. Der var det liv. Seint og tidleg. Gardbrukarane kom køyrande med mjølkespanna og sette dei opp på rampa, stoppa opp, prata med kvarandre, drog seg i håret, retta på skyggelua og klødde seg på dei små skjeggstubbane på haka. "Jaja, vi sjåast", nikka til kvarandre og fôr heim, vel nøgde med den stutte samtala dei hadde utveksla på rampa, eller ståande ytst ute på traktorhengaren. Det same gjentok seg dagen etter. Dei var ikkje ordrike, ofte var det som ikkje vart sagt, viktigare enn sjølve orda. Var det noko riktig ille, tok dei av seg skyggelua og klødde seg midt oppe på den blanke issen, rista på hovudet og knepte ihop munnen. Hugsar godt det vart djupt kommentert og alvorleg prata om drapet på president John F. Kennedy. Eg var berre sju år den gongen, men minnest det gjorde stort inntrykk.

På rampa sat vi ungane og lytta, observerte og fekk med oss meir enn dei vaksne var klar over, både om bygda og verda ute. Miljøet i den vesle bygda var lite og oversiktleg, som kjøpmannsdotter sat eg mye på mjølkerampa og følgde med, dette var mjølkerampe med overbygg og tak, av det eksklusive slaget. Om kveldane kom dei få ungdommane som budde i bygda, det var ikkje mange, dei heldt til på mjølkerampa, det var møtestaden deira. Da vart eg vinka inn att, og dagen etter var det ekstra spennande for oss småjentene å sjå kva "dei store" hadde krota inn på mjølkerampeveggen. Der kunne vi lesa om lengsel, kjærleikssorg, forelsking, brot, krangel og kven som var saman med kven, i tillegg til at vi lærte alle tabuorda vi ikkje fekk lov å bruke heime. Dei penaste jentene og kjekkaste gutane fekk namna sine krota inn ekstra mange gonger på veggen. Vi små lærte mye om livet og samfunnet, og vi skjønte fort at det var ikkje alt som skulle snakkast om.

Etter at orda og teikningane var krota godt inn i veggen, lot dei seg ikkje fjerne, med mindre ein gjekk på med høvel, og det var det ingen av oss som hadde. Det stod der for evig og alltid, som mjølkerampa, og den dagen ho vart riven, forsvann også det nedskrivne. Dette var den tidas møteplass, sosiale medium, med stutte meldingar og teikningar som passa ordlyden. Eit hjarte tydde kjærleik, berre ord utan teikning kunne vere alt frå privat sorg til offentleg nyhendesak.

Dei som skreiv, visste at det vart lese av fleire, med funksjon å fortelje siste nytt, gi hint om forelsking og tips om faste forhold. Veggen på mjølkerampa hadde sin eigen sjanger, med eigne kodar, teikningar og symbol, eit rampetwitter-system, eller rampekvitter, som J. Hammershaug (@hammershaug) kalla det på Twitter, krota inn på ein offentleg vegg som meldingane på Twitter og Facebook i dag. Medan meldingane på vår tids sosiale medium fort blir overskrivne av nye meldingar, lesarane mistar fort ei melding dersom dei ikkje held seg på nettet heile tida, heldt rableria på mjølkerampeveggen seg stabile og lesbare så lenge veggen stod. Det var ingen hast med å sjå dei siste skribleria, dei forsvann ikkje ut i lufta, sjølv om det vart skrive nytt på veggen. Det var alltid plass på veggen til meir rabling. Kreativiteten var det ingenting å utsette på, anonymt fekk mange mot til å skrive både det eine og det andre.

Rampa stod der i generasjonar, veggen vart fylt med tankar og opplevingar, eit sosialt medium der meldingane vart krota ned og ikkje borttvitra, men heldt seg levande på veggen som rampetwitter. Mjølkerampa er borte i dag, men sjangeren lever vidare på den digitale veggen:

"Heretter skal jeg karve alle mine tweets inn i den lokale mjølkerampa. #evighetskvitter" - sagt av @hammershaug etter mjølkerampetvitring på Twitter.

6 kommentarer:

Elin Ørjasæter sa...

Helt utrolig hvor fort tiden går, eller rettere sagt hvor fort teknologien endrer seg, fra å skrive på treplanken til twitter... takk for nydelig tekst!

Kristine sa...

For en fantastisk sammenligning!

mittsnitt sa...

Flott skrevet! Og en interessant parallell mellom fortid og nåtid. Jeg lurer på hva konsekvensen av dette midlertidige blir for hvordan ettertiden vil tolke vår tid. Hva skal de basere sine tolkninger på? Takk for fine tanker!

Liv Marie Schou sa...

Takk for kommentarar, koseleg at fleire ser verdien av mjølkerampa og meldingane som vart krota inn der:-)

Bjørg Haave sa...

Oss låg på Haave-rampa og skræv bilnommer ti gule notisbøk hugse e:)

Liv Marie Schou sa...

Ja, tenk kor romsleg det var mellom bilane den gongen, vi rakk å skrive ned bilnummeret før neste bil kom.